I dag startar jakta denne sesongen. Dette året er jakta utvida helt inn i jula for å redusere hjortebestanden. Fylkesmannen presiserer at sjølv om jakttida varar til 23.12 så er det ikkje eit krav at jakta skal gå føre seg heile denne perioden.


Innanfor jakttidsrammen er det grunneigarane sjølve som tek avgjerd om kor lenge dei skal jakte, om dei vil ha pause i jakta osb. Jakttida som Fylkesmannen no tek avgjerd om, er ei utviding av rammene for jakttida. Jakta kan uansett ikkje vare lenger enn frå 10.09 til 23.12, med unntak av område med heilt spesielle skadeproblem med trekkande bestandar der jakttida kan utvidast til heile januar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fastsett forskrift om utviding av hjortejakta i heile Sogn og Fjordane. Formålet er å auke uttaket av hjort for å redusere skadeomfang, påkjørsler m.v.
§ 1
Den utvida jakttida for hjort er frå og med 10.09 til og med 23.12 i Sogn og Fjordane med unntak av Gulen og Høyanger kommune der jakttida er frå og med 10.09 til og med 30.11.
§ 2
Fylkesmannen kan dispensere frå reglane i denne forskrifta.
§ 3
Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. naturmangfaldlova § 75.
§ 4
Forskrifta gjeld berre for inneverande jaktår 2009/2010.
§ 5
Fylkesmannen kan når som helst endre denne forskrift dersom tilhøva i hjortebestanden tilseier det.
Leikanger 25. august 2009
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Les meir hos Fylkesmannen
Ventetida endeleg over – hjortejakta står for døra!
Fylkesmannen har fastsett forskrift om utvida jakt for hjort

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2