20091105-250-dataSkulen skal arrangere næringslivsveke ved skulen i veke 47. I det høve har ein gjeng i frå ungdomsskulen tenkt å starte eit pensjonistopplæringskurs innan data/mobil.

Er det noko du lurer på om data/mobil eller noko du har lyst til å lære?

No stiller ein fin gjeng frå 9. og 10.klasse som har lyst til å lære frå seg.

Møt opp ved Eikefjord Barne og Ungdomskule i Biblioteket måndag 16.11.09. Kurset vil vere frå kl. 13.00-14.00 måndag til torsdag i veke 47.

Ta med berbar PC/mobil om du har.

Kurset kostar ingenting.

Interessert i å melde deg på?

Ring 57756260 innan 11.11.09

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2