Ei kvinne i 50-åra vart frakta til sjukehus med lettare skadar etter at ho vart påkøyrt av ein bil i Eikefjord sentrum måndag morgon. Ein bil kom ut ifrå gamle ICA butikken og trefte sykkelen i framhjulet. Kvinna vart kasta over styret på sykkelen og fall i asfalten etter møtet med bilen.
– Skadeomfanget etter ulykka er av helsepersonellet på staden karakterisert som usikkert, men det handlar om lettare skadar, fortel operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Førarkortet  til bilføraren er kverrsett.

Les meir i Firdaposten, Firda og NRK S&Fj

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu