I ettermiddag var ein bilist uheldig og kom ut i laussnøen på toppen av Smieret på Hovland. Bilen følgde kanten nedover eit stykke før den slepte taket i vegen og krasja med eit tre. I bilen var det 3 barn i tillegg til ein mannlig sjåfør.
Sjåføren tok raskt barna ut av bilen og dei blei raskt flytta til eit hus i nærheten. 2 av barna er lettare skada i følge vitner på staden, medan det tredje barnet og sjåføren ikkje er fysisk skada.
Eikefjord Brannvesen var først på staden og dirigerte trafikken forbi ulykkesstaden. Deretter ankom 3 sykebiler, legevakt, 333 skvadron og politi.
Brannvesenet og Viking var dei første på plassen.
3 ambulanser og legevakt rykte ut og kom på tunet til Bengt som tok dei skade inn i varmen.
333 skvadronen var på plass, men returnerte til Florø etter ei lita stund.
Politiloggen over ulykka er ikkje helt korrekt med hensyn til kor ulykka skjedde og kva retning bilen køyrde.
"Brannvesen, ambulanse , luftambulanse og politi rykka ut etter melding om trafikkuhell på rv 5 ved Eikefjord i rettning Florø, Det var eit køyretøy som hadde køyrt av vegen. Det var ein vaksen og tre barn i bilen. Personane i bilen vart sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus for kontroll. Informasjon til no tyder på at det var lettare skader. Saka blir følgt opp av Flora politistasjon."
Dette er grunnen til at avisene skriv feil i sine reportasjer.