Eikefjord skule har, med god hjelp av Bjørn Øren og brannvesenet, fått sprøyttskulen halve fotballbana for å lage skøytebane. Bana skulle eigentleg vere klar til bruk fredag, men diverre har nokon køyrt ut på isen før den var skikkeleg fryst og laga djupe spinnespor. Bana er sprøyta på nytt fredag kveld, men må sprøytast endå ein gong laurdag for å reparere "såra" i isen. Det er sett opp sperreband og vi håper at isen no får vere i fred. Då vil bana vere klar for bruk søndag.

Skulen ynskjer bygda velkomen til å kose seg på isen framover!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2