Venstres Jan Arve Midtbø åtvarar sterkt mot dei store planane som no er på trappene med fornya skule og storstove for heile Eikefjordbygda.
Han kan ikkje hugse at bystyret har gitt komiteen fulllmakt til så store planer. Han meiner at ein kan komme langt med å ribbe ned veggane på gamleskulen og bygge opp igjen innvendig.
Eikefjordingane har alt for lett fått støtte til det aller meste til stor forskjell frå andre bygder. Får Eikefjord no ny skule og storstove vil det rive grunnlaget for det som er att av andre skular og tilbod i utkantane.
Når elevtalet snart går ned vil det ikkje gå mange år før rådmann vil forslå å flytte ungdomsskuleelevane til Florø.
Les meir i Firdaposten lørdag.
Kommentar: Midtbø kan ikkje ha fått med seg at det er i arbeid eit byggefelt på Lyngneset med rundt 30 boliger og at dette feltet er mest fulltegna lenge før planane er ferdige.
Han bør heller gi honnør til Eikefjordpolitikarane som viser at det nytter også for utkantane om ein jobber konstruktivt.