6 av elevane på Steinhovden Skule er overflytta frå Eikefjord Skule etter ønske frå foreldre. Langvarig mobbing på skulen eller misnøye med undervisningsopplegget for elevar med spesielle behov er årsaka ifølge foreldre og andre som kjenner tilhøva.
Til saman har 9 elevar "flykta" til Steinhovden dei siste åra. Nokre har også flytta til andre skular i kommunen etter råd frå fagfolk. Andre har løyst problema ved å flytte frå området.
Dette er harde påstandar for eit skulemiljø som nettopp har fått rippa opp i Karlsen-saka. Henning fekk tilkjent ei større erstatning fordi skulen ikkje hadde gjeve han den opplæringa han hadde rett på. Mobbing var eit sentralt poeng i saka.
Les meir i Firdaposten torsdag