20100214-250-grendalaget005 Åse Iren Korneliussen frå KOA på Hopen og Sander Ødelien frå Fjordsteam var innvitert som foredragsholdere på årsmøtet til Grendalaget.

Korneliussen orienterte om KOA frå grunnlegging i Kåfjord til drifta på Hopen.

Ødelien fortalte om Fjordsteam, eit kjempestort veteranbåttreff helga før Eikefjorddagane.

KOA Sogn  og Fjordane

Åse Iren Korneliussen ga tilhøyrarane ei rask orientering om grunnlegginga av KOA i Kåfjord og om bygging av KOA på Hopen. Dei er i dag 14 tilsette, men gjer rekne med å bli større enn  moderavdelinga i Kåfjord som idag har 65 tilsette. Institusjonen på Hopen skal være åpen 24 timer i døgnet, 365 dager i året. Dei tilsette går i ein spesiell turnus som gir mykje arbeid når dei er på, men desto lengre friperioder.
KOA tilbyr avlastning for barn/ungdom med spesielle handicap og kundane vil stort sett være kommunar og fylkeskommunar. Dei har hittil konsentrert markedsføringa til Sogn og Fjordane, men no skal dei også markedsføre seg for nabofylka både i nord og sør.
KOA føler at dei er godt mottatt både i kommunar og fylkeskommunen, men også lokalt i regionen.
KOA er innvitert til anbudskonferanse på eit stort prosjekt. Får dei dette anbudet er den økonomiske grunnmuren sikra.
20100214-525-grendalaget001

Fjordsteam

Sander Ødelien presenterte Fjordsteam, primært eit veteranbåtstemne i Florø med opning torsdag 5. august. Ein gjer rekne med 20 - 25 veteranbåtar skal besøke Florø på dette stemnet. Vidare vil det komme veteranbussar, veteranbrannbilar og veteranbilar til stemnet. Størrelsen på stemnet kunne ikkje Ødelien s.ei noko eksakt om, men det blir stort.
Grendalaget er utfordra til å lage eit opplegg for eit par av båtane fredag 6. august. Då vil vi helt sikkert sjå veteranbåtar på fjorden.
Lørdag er alle utfordra til å vise gamle handverk på torget på torgdagen og søndag kan man sjå kappkjøring på havna i Florø.
20100214-525grendalaget002

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2