Unni Løvlid er ein allsidig musikar med solid base i folkemusikken.

Helga 12-14 mars har ”Nærleiken – slipsmuseum, kaffibar og sjelevarmar” vore så heldige å få Løvlid til å halde kvedekurs i Eikefjord. Kurset vert avslutta med ein kyrkjekonsert i Eikefjord Kyrkje.

Folkesongaren Unni Løvlid frå Hornindal er ei av Noregs mest markante folkemusikarar; tru til folkemusikken, men likevel nyskapande. Ho arbeider gjerne på tvers av sjangrar. I 2006 vart ho utropt til Årets Folkemusikartist. Løvlid formidlar norsk tradisjonsmusikk over heile verda.

Unni Løvlid er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule. Ho har undervist både ved Ole Bull Akademiet og ved Noregs Musikkhøgskule. For tida jobbar ho som frilans musikar. Løvlid har gjort fleire CD-utgivingar, både som soloartist og i lag med andre. Ho vert skildra som ein utøvar med kunstnarleg uro som stadig driv henne vidare.

Nærleiken vil helga 12-14 mars kunne tilby eit kurs i folkesong. Kurset går over 3 dagar og vert avslutta med ein felles kyrkjekonsert i Eikefjord Kyrkje. - Det er enno nokre ledige plassar på kurset, fortel Gro Rukan, men interessa er stor, så dei som vil delta må vere raske til å ta kontakt. - Det er ikkje så ofte Unni Løvlid held slike kurs her i område. Nærleiken har som kjent undertittel ”slipsmuseum, kaffibar og sjelevarmar”. – Kurset med Løvlid kjem utan tvil under vårt viktigaste satsingsområde; nemleg å vere ein ”sjelevarmar” i lokalsamfunnet, smiler Gro lurt.

- Unni Løvlid er ein kvedar eg har vore begeistra for i mange år. Både stemma hennar og den energien ho syner frå scena gjer ho til ein artist i særklasse, seier Rukan. At ho no har satt av tid til å halde kurs hos oss i Eikefjord er stort for oss. Eg er overtydd om at kursdeltakarane har mykje godt i vente, seier Rukan begeistra, og legg til at alle som vil høyre resultatet av kurset bør få med seg konserten i Eikefjord Kyrkje sundag 14. mars kl 17.

Om du er interessert i meir info, så kontakt Gro Rukan på 913 21 392.

Høyr Unni på Myspace: http://www.myspace.com/unnilovlid

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2