20100309-231-humorBondelaget har tatt initiativ til å få Humørbonden Geir Styve til Eikefjord 17 mars, dette i samarbeid med andre lag i bygda. Humørbonden Geir Styve har ein klar visjon: "Eg vil gje folk refleksjonar!" Gjennom verktøya humor, fantasi, galskap og mot ynskjer han å skape glede, glød og begeistring. Alle som vil ha litt inspirasjon i kvardagen er velkomne til Allhuset denne kvelden kl 20.

Etter eit foredrag for Studentsamskipnaden i Bergen fekk han denne tilbakemeldinga:
Tusen takk for kjempeflott innslag i Balestrand i helga! Det er brei semje om at foredraget ditt var midt i blinken – perfekt blanding av meiningsfullt innhald og kosteleg underhaldning som tilsette på alle nivå i SiB kunne kjenne seg att i og bli inspirert av. Du vil bli snakka varmt om, og referert til, i lang tid. Lukke til vidare!

Som ein ser av omtalen over er foredraget ikkje berre for bønder. Han har like mykje å gi til alle andre yrkesgrupper og med svart belte i humør klarer han å gi inspirasjon og spre glede.

Bondelaget stiller med kaffi og kringler.

Allhuset 17. mars kl 20. Inngang kr. 100,-

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2