Torsdag 25. mars kl 19 har Nærleiken gleda av å invitere til opning av kunstutstilling med billedkunstnaren Astrid Høyvik.
Med maleriutstillinga ”Kvinnefigurar” set ho sitt spennande og særeigne preg på lokala på Nærleiken.
Kunstnaren Astrid Høyvik er ei spennande og dyktig dame. Ho er fødd i 1957 og kjem frå Høyanger. Astrid likar å jobbe med fargar, noko ein tydeleg ser i dei fargesterke bileta hennar. Bileta er mangfaldige. Dei står fram som både abstrakte og konkrete på ein gong.
Astrid Høyvik har hatt fleire utstillingar her i fylket. Blant anna på distriktsutstillinga i 1994, i Jølster i 1996 og 1997, og ho har stilt bileta sine fleire somrar i Balestrand. Astrid Høyvik seier sjølv at det som inspirerar ho mest er rett og slett natur.
Vi er særs glad for at Nærleiken i Eikefjord får gleda av å smykke lokala sine med desse flotte bileta. Utstillinga opnar for publikum torsdag 25. mars kl 19. Da er alle velkomne til ein liten ”vernissage”.
Dette er bilete som vi håpar mange vil komme å sjå. Det er ei ære for oss at Astrid vil ha salsutstillinga si på Nærleiken. Personleg likar eg godt det litt vare og mystiske draget nokre av desse kvinneskikkelsene har, seier Gro Rukan.
Utstillinga kan sjåast på Nærleiken fram til midten av juni.
Velkomen!