20100102-250-hovstDet er fine tilhøve for spasertur på både Eikefjordstøylen og Hovlandstøylen. På stien til Eikefjordstøylen ligg det enda nokre snørester, men det er godt framkommeleg. Til Hovlandstøylen er det som vanleg fin veg slik det har vore i heile vinter. Bjørn Øren har pløgd vegen slik at trimmarane har kunne komme seg opp på støylen i heile vinter. Skal ein tolke avisskriveriene om standarden på pløging i Florøgatene har vi hatt mykje finare tilhøve opp til Støylen.

Ein stor takk til Bjørn for den innsatsen han har gjort.

Vegkomiteen for Hovlandslia ser at pløginga kan føre med seg ekstra kostnader på vedlikehold av vegen no i vårløysinga. På siste styremøte beslutta dei derfor å sette opp ein postkasse ved grinda ovanfor beite. Her skal dei som nyttar bil betale kr 50 pr tur. Dei vil også be andre om ein tiar i betaling for å nytte vegen, spesielt dei som syklar og som lager lange bremsespor på veg nedatt. Styret har bestilt skilt med opplysningar som også blir sett opp ved grinda.

Bøkene som er lagt ut rundt om vil også etter kvart bli tilgjengelege på Eikefjord.net. Boka på Hovlandstøylen for 2009 er tatt med og avfotografer. Her finn du navna på dei som har tatt turen opp

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2