Det er tidlegare lagt fram reguleringsplan for området nedanfor vegen i Gjæra. No er denne planen utvida og omfatter området nedanfor vegen frå Bakkebua og inn til der vegen blei utbedra når sentrum blei rusta opp.
Området der det var planlagt hotell er no også opna for boliger.
Det er planlagt gangsti frå bussholdeplassen ved skulen og utover mot kommunekaia. I området ved elva forlanger kommunen at det skal nyttast samme byggestil som dei gamle landgangane til sjøbuene som stod på marabakken før i tida.
Det er opna for bevertning på både Bakkebua og Nilsbua. Foran Nilsbua er det også planlagt flytebrygger.
Oppe ved Hovlandsvegen er det tegna inn fortau langs heile strekninga. Det er også sett grense for kor høgt hotell/bolig kan stikke over Hovlandsvegen.
Planen ser spennande ut og tar tak i eit område som idag treng kvalitetsheving.