Eikefjord Skulemusikk vil nytte Eikefjord Nett til å takke for ein flott oppslutning på årets Vårkonsert og Basar. Det er kjekt å sjå at bygda støttar slik opp om korpset vårt. Spesielt vil vi rette ein takk til alle som har kjøpt lodd, og ikkje minst til bedrifter og privatpersonar som raust har støtta oss med flotte gevinstar!

Tusen takk for dette.

Ekstratrekning:

Vi hadde i år så masse flotte gevinstar at vi i festens ståhei kom i skade for å hoppe over nokre gevinstar. Dette er premiar gitt av Eikefjord Grendalag, og er henholdsvis konsertbilettar til kyrkjekonsert Eikefjorddagane, og Dans-billettar, samme arrangement, tilsaman fire gevinstar. Trekking av desse er foretatt i ettertid. Dei heldige vinnarane er som følger; Odd Asle Endestad, Ragnar Holsen, Adrian S. Midtgard og Eivinn Øren. Premiane vil verte ettersendt.

 

Etterlysing:

Skulemusikken vil be om hjelp til å få tilrette ein gjenstand ifm 17 Mai feiringa som står for døra. Vi saknar ein pynt som skal vere på toppen av fana vår. Denne kom vekk etter siste bruk, truleg har den falt av. Dette er ein ein flat runding i metall, ca 20 cm i diameter, til å sette ned på eit metall-rør. Kanskje nokon har sett den, og ikkje har vist kvar denne høyrer til. I tilfelle blir vi veldig glad for tips om dette. Motivet på denne runde pynten var ein g-nøkkel.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2