Eikefjord fekk ein bra start på kampen med 1-0 scoring av Dani Brandsøy etter 20 minutt. I 2. omgang kom ei dårleg periode som resulterte i to baklengsmål. Dermed låg Eikefjord under 2-1 med 15 minutt igjen å spele. Ein alltid målfarleg Sverre Martin Langedal ville det annleis. Med scoring i det 84. og 90. minutt, sikra han at alle tre poenga vart igjen i heimbygda.