Prosjektleiar bygg Jeikishan Jegatheesan forhandla med arkitektane om prosjektering av rehabilitering og evt. nybygg ved Eikefjord skule. Tysdag presenterte han tre ulike prosjektalternativ for Flora formannskap. Ingen av alternativa inneheldt fleirbrukshall.
Skal ein dømme etter stemninga i formannskapet er det små sjansar for at Eikefjord får ein eigen fleirbrukshall slik situasjonen er i dag.
Lars Terje Standal (Ap) og Berit Seljeseth Osa (H), begge frå Eikefjord, ville ha utgreidd eit fjerde alternativ inkludert fleirbrukshallen.