Eikefjordingen og kostholdseksperten Kenn Hallstensen held kosthaldsforedrag og matlagingskurs i Florø laurdag, 12. juni.
På foredraget kan man møte direkte, men påmelding til matkurset, som har plass til 20 personar, sendes til [email protected] eller sms/telefon til 982 55 703.

Foredraget:

Foredraget vil sette fokus på kva mennesket er tilpasset å ete. Altfor mange har en tendens til å begynne i feil ende, og dette er også grunnen til at altfor mange har en tendens til å bli forvirra og få vanskar med vekt og helse. Foredraget vil på en forståelig måte forklare kvifor for mykje karbohydrater bidreg til uhelse og overvekt. Du vil få en god innføring i korleis man praktiserer et lavkarbo-kosthald, korleis unngå de vanlegaste feila og kva og når å ete. Den siste timen vil bli via til korleis å optimalisere kosthald og trening, der også myter om karbohydrater og trening gjennomgåes.

 

Laurdag 12. juni • kl. 10–15 – kr 300,-

10:00-11:00: Det evolusjonære perspektivet

11:00-11:15 : Pause

11:15-12:15: Hormon- og blodsukkerbalanse

12:15-12:45: Pause

12:45-13:45: Korleis praktisere nytt kosthald og unngå mogelege feil

13:45-14:00: Pause

14:00-15:00: Lavkarbo mot trening

 

Matlagingskurset:

Matlagingskurset vil vere særs praktisk og lærerikt. Saman lagar vi ein tre rettars middag med mange tilhøyrande retter, som etterpå etast i sosialt lag med tilhøyrande drikke. Undervegs vil kurshaldar forklare korleis rettane enkelt kan gjerast om til andre like velsmakande rettar. Flott og informativ kursperm følgjer med dette kurset.

 

Laurdag 12. juni • kl. 17-21 – kr 750,-

 

Kurshaldar:

Kenn Hallstensen (f. 1966) har treårig ingeniørutdanning og ernæringsutdanning frå Høgskolen i Harstad (kosthold, ernæring og ortomolekylær medisin). Han har vore journalist for magasinet Mat & helse fra 2002 til 1. mai 2010. I 2002 starta han firmaet Eat AS, som held kurs om ”steinalderkosthald” og har høstet erfaring fra over 16 000 personar. I 2009 starta Eat den unike helse- og livsstilsida, EatClub, på www.eatclub.no. Kenn er opptatt av trening og har vore aktiv innen fotball, styrkeløfting og kroppsbygging. Han jobbar og med kosthald opp mot toppidrettsutøvere, og er blant annet kostholdsansvarleg for Tippeligaklubbane Strømsgodset og Odd Grenland.

 

Foredrag på Florø Idrettssenter: kr 300

Matlagingskurs på Florø Ungdomsskole: kr 750

Fellesbillett – foredrag og matkurs: kr 900

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2