Laurdag 26.juni vert det for fyrste gong arrangert Veikingkonvoi i Eikefjord. I samband med dette arrangementet treng vi DI hjelp både før og etter.
Torsdag 24.juni og fredag 25.juni vert det dugnad på den gamle Langedalsbua frå kl 18.00. Her skal vi fortsette arbeidet med å gjere i stand bua til bryggedans. Vi skal og gjere uteområda ved bua og ved Sjøhuset i stand til den store konvoien. På desse områda skal vi få på plass benker og bord, telt,toalett,gjerde osv.
Søndag 27. juni treng vi folk som kan hjelpe til med opprydding! Voner så mange som mogleg møter og tar i eit tak! Grendalaget stiller med kake og kaffi.
Helsing Eikefjord Grendalag:)