Siste tilskudd på butikkfronten i Eikefjord er fire optimistiske damer som skal starte butikk i dei tidlegare lokalene til Eikefjord Blomster. Her vil de finne blomster, men og ein del andre varer til hus og hobby. Vi satser på å vere klar med heile butikken til Eikefjorddagane, men vil vere å finne i lokalene allereie frå midten av Juli, slik at du skal få kjøpe blomster om du trenger det.
Helsing fire damer på In-spire.