Vår eigen Berit Sørbø vil i år på Eikefjorddagane vise fram sin flotte eigensydde kjole frå 1860. Kanskje vil du òg sy deg eit antrekk, eller du er så heldig at du har eit liggande på loft eller i ein kjellar. No får du sjansen til å vise det fram, når kjoleparaden går gjennom sentrum av Eikefjord søndag 16 august.

 Her får vi kanskje sjå nokre gamle dressar òg? Det er berre å hive seg med i paraden, enten du har ein fin kjole å vise fram eller berre nokre gamle bukseselar og ein hatt? Slepp fantasien laus!

Eikefjord skulemusikk kjem i sine flotte uniformer og skapar god stemning med korpsmusikk i front av paraden.

Er dette noko for deg? Meld deg på til Berit Sørbø på mobilnr:95891979, eller til Iris Agledal på mobilnr:91593074

Dette blir moro!!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2