Vår eigen Berit Sørbø vil i år på Eikefjorddagane vise fram sin flotte eigensydde kjole frå 1860 epoken. Kanskje vil du òg sy deg eit antrekk, eller du er så heldig at du har eit liggande på loft eller i ein kjellar. No får du sjansen til å vise det fram, når kjoleparaden går gjennom sentrum av Eikefjord søndag 16 august.
Her får vi kanskje sjå nokre gamle dressar òg? Det er berre å hive seg med i paraden, enten du har ein fin kjole å vise fram eller berre nokre gamle bukseselar og ein hatt? Slepp fantasien laus!
Eikefjord skulemusikk kjem i sine flotte uniformer og skapar god stemning med korpsmusikk i front av paraden.
Er dette noko for deg? Meld deg på til Berit Sørbø på mobilnr:95891979, eller til Iris Agledal på mobilnr:91593074
Dette blir moro!!