Dei åttande Eikefjorddagane går inn i historia som eit av dei mest vellukka arrangement i Eikefjord. Spesielt laurdag var det svært mange som fann vegen til fjordbygda. Dansen med gruppa Spik Adel vart for fyrste gong arrangert på Langedalsbua, og det gav eit positivt resultat både i besøk og trivsel.
Kyrkjekonserten som Eikefjordkoret, ”Koriander” hadde ansvaret for på fredag kveld, var også eit sterkt bidrag til dei vellukka dagane. Elles var dei faste aktivitetane med mange salsboder, ulike aktivitetar for borna, og underhaldning frå scena, med blant andre Ole Johannes Øvretveit sikre vinnarar. Arrangementet er eit felles løft for bygda, som grendalaget organiserar. Styret i Eikefjord Grendalag vil i det høve takke alle lag/organisasjonar, og andre frivillige personar som gjorde ein kjempejobb for Eikefjord denne helga. I fellesskap er vi sterke ! Økonomisk hadde arrangementet ei omsetning på knappe kr. 700 000.- ,som gav
eit overskot på ca. kr.300.000. Heile overskotet blir tilbakeført til fellesprosjekt for bygda. Det blir evalueringsmøte om Eikefjorddagane 2010 på Allhuset tysdag 31. august klokka 20.00, der også idear om prioritering av dei økonomiske midlane kan takast opp.
med helsing styret i Eikefjord Grendalag 2010
Anders Ole Sunnarvik
Magnar Sunnarvik
Iris Agledal
Marianne Ullaland Knapstad
Silje Ødegård Standal
Erling Ness
Margunn Tonheim