Det var ein forrykande innleiing kampen mellom Veitastond og Eikefjord, og det var Veitastrond som byrja best. Deie hadde trykke på dei i opningsminutta, men så var det duka for Eikefjord show. Spissen deira kjempa seg heilt ned på dølinja og la 45 grader inn i feltet der ein medspelar venta og han klinka den i buret. 5 minutt er spelt når Eikefjord er på farten igjen. Veitastrond får ikkje avklart eit angrep og ballen havnar til slutt hjå ein eikefjording som plasserar ballen i lengste hjørne og dermed 0-2 før Veitastrondingane hadde fått summa seg.
I minutta etter denne kalddusjen for heimelaget så kunne Eikefjord ha scora både 1 og 2 mål til, men lukkast ikkje med det.