skulenUrpremieren av teaterstykket «Du ana'kje», som er basert på skulekvardagen slik Tor Henning Karlsen frå Eikefjord opplevde den blei framført i eit klasserom på Eikefjord skule. Her får lærarar kritikk for manglande oppfølging.



Utdrag frå teaterstykket:
- Eg var sterk saman med dei andre elevane. Eg berre spelte klovn. Men då eg stod på kontoret til lærarane, ja då grein eg.
- Dei meinte eg overdreiv....
- Mor mi sa til skulen at eg ikkje vart sendt tilbake før der var leveleg for meg.
- Eg fekk ikkje bytte skule.
- Eg torde ikkje spele fotball. Eg var målet. Dei ville sparke ballen på meg.
Desse sitata er henta frå teaterstykket, der rollefiguren, gjennom sin jobb som reinhaldar, ser tilbake på tida i grunnskulen.

Tor Henning vart imponert då han såg stykket førre veke. Han kjenner seg att gjennom skodespelaren. Sidan media var til stades, frykta både SoFt og Karlsen at det ville bli for mykje fokus på hans fortid i staden for teaterstykket. Derfor ville hovudpersonen ikkje vere til stades under urframføringa.
I dag har Tor Henning Karlsen det bra. Han har lagt dei vonde minna og opplevingane bak seg. Gløymt blir det likevel aldri.

- Lærarar bryr seg
Dagens rektor ved skulen Torleik Stegane synest det er greitt at lærarar vert framstilt slik i stykket.
Lærarane i dag er meir obs på kva dei skal sjå etter når det kjem til mobbing samanlikna med 80-talet.

Retten avgjorde at skulen ikkje kunne skuldast for at han vart mobba, men meinte kommunen burde tatt initiativ til å etablere tiltak mot mobbing. Karlsen fekk 100 000 kroner i erstatning.

Sidan Tor Henning gjekk i skulen, har mobbinga teke nye vegar. Mellom anna har digital mobbing festa grepet. Gjennom mobiltelefonar og internett blir stadig fleire born mobba av medelevar i sin eigen heim.

Les "Mobbehistorie skal ut til skulane" hos NRK S&Fj

Les "Mobbeteater sette spor" i Firda.no

Les "Lærarar er meir obs" i Firda.no

Les også Firdaposten lørdag.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2