20100908-250-ridekurs004Det er stor aktivitet i Bakkjen med rideskule mest kvar ein dag. Gutar og jenter storkoser seg med kyndig veiledning av Bodil og hennar medhjelpere.

Etter haustferien kan også voksne delta på ridekurs

Onsdags ettermiddag var det hektisk aktivitet på ridebana og stallen i Bakkjen. Store smil på høge hesterygger over alt på bana og mange ivrige hender som stelte hestane i stallen. Kan eg få prøve den hesten litt til -og Bodil innvilga ei runde til kvar før dei skulle inn i stallen og stelle hestane og gje dei for.

20100908-525-ridekurs011
Ein glad gjeng på ridekurs i Bakkjen.

Mandager og tirsdager er det ridekurs for vidarekomne medan onsdager er forbeholdt nybegynnere.

Fredager frå 15 - 18 er det møte i Ponnyklubben. Klubben er mynta for dei som er for små til å være med på nybygynnerkurs men har lyst til å prøve litt av kvart på aktivitetsgarden. Her kan ein ri på ponnyar, kose med dei mjuke kaninane, hjelpe til i stallen og andre aktiviteter på garden.

20. oktober blir det starta opp kurs for voksne på onsdager frå 19 - 21. Dei som er interessert må kontakte Bodil for påmelding.

Kursa er forholdsvis fulle, men om du er interessert er det berre å ringe. På voksenkurset er det god plass enda.

For meir informasjon om kurs og påmelding kontakt Bodil på 971 56 262.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2