Velkommen til sosialt samkome på Nærleiken
For ei tid tilbake var dei ei gruppe mødre som bruke Nærleiken som ein treffstad i permisjonen sin. No er det ein del ”nye” mødre som ynskjer å halde fram med dette tilbodet. Men vi vil bli fleire!!
Så er du mor eller far, og har moglegheiter til å ta turen på torsdagar kring kl.12 blir vi glad for å sjå deg. Alle er hjarteleg velkomne! Torsdag 9.september var desse på Nærleiken: Hilde-J.Ellingsund, Fride Ellingsund Øyra, Wenche Ellingsund Redal, ”Lillegutt” Ellingsund Redal, Siv Kristin Rust, Oda Rust Sørbø, og May-Sissel Eikefjord.