I desse dagar vert medlemskontingent for Eikefjord Idrettslag sendt ut. Faktura har medlemskort, og med kvitteringsoblat eller kvitteringsavtrykk kan du vise dette fram og få medlemsrabattar.
- 25% rabatt på fotballutstyr hjå Sko-Olsen i Florø.
- 20% rabatt på Umbro- og Mizunoprodukt og minst 20 % rabatt på varer frå Fisher og Sxix på Førde Sport. På racingski gjeld Fischer sine gode klubbprisar
Førde sport vil lagerføre klubbdress med EIL-logo. Endring i Umbro sitt sortiment fører til ny modell som kjem til våren. Vi vil informere på www.eikefjord.net.
Alle aktive utøvarar må i tillegg betale treningsavgift til si gruppe.
Viss du ikkje ynskjer å stå registrert som medlem, eller du ynskjer å melde deg inn, kan du sende e-post til [email protected]
Vi takkar alle som støttar Eikefjord Idrettslag og ynskjer dykk ein aktiv haust og vinter.