Vegvesenet har no skreve kontrakt med maskinentrepenør Magne Hafstad om riving av bommen i Svarthumle.
I neste veke skal dei ha oppstartmøte der detaljane rundt arbeidet skal avklarast, men Oddvar Skrede i Vegvesenet ventar oppstart ganske snart.
I tillegg til sjølve rivinga av bommen skal det også utførast ein del anna arbeid på staden. Vegen forbi bomstasjonen skal rettast inn mot vegen på begge sider av bomstasjonen. I tillegg skal det lagast utviding for kontrollplass for teknisk kontroll av køyretøy. Rundt denne plassen vil det også i framtida være veglys, men dei skal settast på manuelt så her vil det ikkje være lys utanom når det er kontrollar.
Vegen skal også asfalterast før arbeidet blir avslutta i haust.
Når arbeidet er avslutta vil fartsgrensa forbi staden bli 80 km/t som for resten av RV5.