Bålbrenninga på Knapstad forige fredag har fått etterspel. Brannvesenet rykte ut fredag og heldt på med sløkking heile natt til lørdag. Lørdag formiddag blussa brannen opp igjen og brannvesenet måtte rykkje ut på nytt.
Det var brenning av trevirke som kom ut av kontroll og spredde seg til usortert avfall, seier Frank Robert Klakegg på vegne av Knapstad Bygg.
Brannvesenet kom til staden kvart på 7 fredags kvelden og hadde mykje manskap tilgjengeleg gjennom heile natta. Tankvogna til brannvesenet i Eikefjord som tek 11 tonn vatn blei fylt 4 ganger. I tillegg blei det pumpa opp vatn frå ei elv i nærleiken.
Lørdag formiddag blussa brannen opp igjen og brannvesenet rykte ut på nytt. Sidan bålbrenninga ikkje var søkt om på forhand vil brannvesenet lage eit oppsett over kostnader på aksjonen.
Politiet var også på staden lørdag. Dei har oppretta sak på bålbrenninga og gjort forløpige undersøkingar på staden for å finne ut kva som er brent. Dei vil etterforske saka for å finne ut om det er gjort brot på forureinsingslova. Dei vil også undersøke om andre lover og forskrifter er brotne og om det er grunnlag for reaksjonar.
Flora Kommune krev no dokumentasjon på at avfallet frå det siste prosjektet til Knapstad Bygg er hantert på forskriftsmessig måte. Om dette ikkje er tilfelle kan dei miste ansvarsretten, som betyr at firmaet kan miste retten til prosjektering, planlegging og bygging av nye byggjeprosjekt.
Vi kan dokumentere at vi har sortert og levert inn store mengder materialer frå den gamle fabrikken, slik lova krev om avfallshandering. I tillegg har vi gitt reisverk, vindauge til gjenbruk i andre byggjeprosjekt, samt mykje treverke til vedproduksjon, seier Frank Robert Klakegg til Firdaposten.
Les meir i Firdaposten torsdag