Laurdag 30. oktober er det Furorestipendutdeling i Flora Samfunnshus i Florø. Ein kjekk kveld der Sparebanken Sogn og Fjordane deler ut Furorestipenda på til saman 300.000,- og det blir underhaldning av artistar med røter i fylket. I løpet av kvelden skal også publikum få sjansen til å stemme fram sin favoritt der Andreas Løken Taklo er ein av kandidatane.
Andreas Løken Taklo er 19 år gamal, og kjem frå Grov i Eikefjorden. Han starta på Toneheim musikkfolkehøgskule på Hamar i haust, etter å ha fullført Firda vidaregåande.
Juryen om Andeas: “Eit pianotalent utanom det vanlege frå Grov i Flora kommune! Andreas Løken Taklo har dei siste åra lagt ned tallause timar ved pianoet for å nå målet sitt om å bli ein internasjonal konsertpianist. Han markerer seg i nasjonale og internasjonale pianokonkurransar og blir invitert til festivalar i inn- og utland. Andreas presterer alt no på eit høgt nivå, men søkjer stadig utvikling ved å ta meisterklassar med dei aller beste læremeistrane. Vi i Furore-juryen trur at Andreas Løken Taklo har potensialet til å nå heilt til topps; og skape furore!”