Demolition Crew og Punch leverte ein kjempekonsert og smelte av sitt sterkaste krut under konserten laurdag. Mykje folk møtte for å lage ein kjempekveld, og steminga blei fantastisk god. Spesielt då Eikefjord sitt eige band entra scena. Demolition Crew tok ut alt, og folk var i kjempeslag.
– Eit overskot frå konserten skal gå til plateinnspeling, fortel gitarist Ole Petter Leversund til Firdaposten.