Ein bil vart funnen krasja i fjellveggen på RV.5 ved Grov, men korkje førar eller andre var å sjå på staden. Politiet har fått kontakt med føraren, og det viste seg for å vere eit uhell. Førar er ikkje skadd, og vedkommande er ikkje mistenkt for å ha køyrt i rusa tilstand, opplyser Per Rimmen hos operasjonssentralen i Florø til Firda.