Grunneigar Tommy Agledal og Dvergsdal og Sunde Bygg AS ønsker å legge tilrette for eit nytt stort byggefelt med kring 20 einebustader og 40 leiligheter på Nesjane.
Bustadfeltet er tenkt frå enden av kunstgrasbana, utover mot vegen til industriområdet og nedover mot sjøen.
Både grunneigar og utbyggar har tru på prosjektet tross størrelsen. Eikefjord er ei bygd i utvikling, som mange vil flytte til. Tomtane er mange hundre tusen billigare enn både Førde og Florø, dermed vil ein kunne tilby billegare bustader her. Området ligg dessutan i gangavstand til skulen. Ein vil legge tilrette for tilkomst til Hamnavegen mot skulen.
Området grensar også til kunstgrasbana på Eikefjord Stadion. Alt ligg tilrette for eit byggefelt, seier Tommy Agledal til Firdaposten.
Les meir i Firdaposten lørdag.