Eikefjordingen Steinar Karlsen er kjend som gitarist og låtskrivar i banda Hot Little Mama og Spellemannsnominerte Good Time Charlie. No er han aktuell med si første plate under eige namn – Ulydium, som vert sleppt 10. januar 2011.

Laurdag 11. desember kl 21 held han intimkonsert på Nærleiken.

Gitaristen frå Sunnfjord har i mange år hausta åtgaum for sin posisjon som bakmann i nokre av Noregs mest kritikarrosa og etablerte blues – og rockeband.  Med plata Ulydium tek han eitt steg i retning av twang og surfmusikk, inspirert av artistar som Mickey Baker, Link Wray & Marc Ribot. Resultatet er ei eklektisk og hardtslåande instrumentalplate som viser vilje til innovasjon i ein tradisjonsbunden sjanger.

Plata inneheld 10 originalkomposisjonar og er innspelt og produsert av Steinar Karlsen og Morten Skage (som og har samarbeidd med Sondre Lerche og Sigrid Moldestad).

Mykje av stoffet på den nye plata vert presentert på konserten på Nærleiken laurdag 11. desember. Det vil og bli litt diktlesing av vår lokale poet Oddvar Karlsen.

Alt ligg til rette for ein triveleg kveld kor gjestane kan senke skuldra litt og nyte god kultur. Ta fri frå julestress og kos deg i lag med gode vener.

Dørene opnar kl 2000, Bill 100 kr. Begrensa tal billettar. Send sms el epost til Gro for forhandstinging av billettar. 913 21 392/ [email protected]

Velkomen!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2