Som nemnt tidligare er det sendt ut medlemsavgift der KID dessverre ikkje fungerte. Vi oppmodar om å betale medlemsavgifta med melding, der ein oppgjer navnet. Som medlem i EIL støttar du idretten i EIkefjord. For aktive utøvarar kjem treningsavgifta i tillegg.
Ved framsyning av medlemskortet kan du få rabattar:
- 25% rabatt på fotballutstyr hjå Sko-Olsen i Florø.
- 20% rabatt på Umbro- og Mizunoprodukt og minst 20 % rabatt på varer frå Fisher og Sxix på Førde Sport. På racingski gjeld Fischer sine gode klubbprisar
Førde sport vil lagerføre klubbdress med EIL-logo. Endring i Umbro sitt sortiment fører til ny modell som kjem til våren. Vi vil informere på www.eikefjord.net.
Vi ønskjer alle medlemmane ei riktig GOD JUL