Share

Firda har hatt ein serie der dei har fortalt om forskjellige historier der folk har møtt på noko dei ikkje kan forklare.
På Løkkebø kan ein fortelje om ein gråkledd mann som brott forsvinn. Kvinna som fortel historia til Firda trudde ho såg ein nabo. Opplevinga fekk ein heilt anna betydning når mannen hennar kom heim og fortalde om den same gråkledde mannen som plutseleg forsvann. Han hadde same kle og forsvann i same retning som kona hadde opplevd.

20101231-250-trevarenEg har sjølv opplevd slik kontakt. På den tid trevarefabrikken var i drift kjøpte Erik Havn eit hus på Osa. Han brukte materialane til å bygge kontorfløy som stakk opp av taket på trevarefabrikken. Etter at denne kontorfløyen var bygd merka eg at det var noko unormalt i gangen og trappa opp til kontorfløyen. Min bestefar berre lo av det heile og sa at det kanskje var meir med på flyttelasset frå Osa en vi viste om.
Eg sjølv vart ikkje beroliga av dette og gjekk aldri inn i denne gangen uten eg skulle opp på kontoret. Kvar gong eg kom inn i gangen kjente eg eit kjølig drag og håret røyste seg i nakken. Den mast spesielle opplevinga var ein gang eg skulle inn til dreiemaskina som også stod der oppe. Når eg opna døra kjente eg at håret røyste seg i nakken. Eg sa ut i lufta "No skal eg bruke dreiemaskina så du får gå ut", eg kjende eit kalt gufs forbi meg i døra og så var det vekke. Etter den tid merka eg ikkje noko ubehag når eg var i denne delen av trevaren sjølv om eg merka at det var noko der.
Sjølv om denne delen av bygget er vekke for lenge sidan har andre også merka at det er noko ekstraordinert med bygget.

Historia på Løkkebøen kan du lese i Firda tirsdag

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com