Distriktsfinalen i NAF sin sykkelkonkurranse vart arrangert i Førde måndag 30.05.11, med 42 påmelde frå 7 skular. Eikefjord skule sine to deltakarar gjorde sine saker godt. Håvard enda med 12 prikkar totalt på ein femteplass i guteklassen. Mathilde vann jenteklassen rimeleg suverent med 13 prikkar samanlagt. Dermed var ho utteken til å representere Fjordane i landsfinalen på Gardermoen den 18.juni, der vi trur ho ville kunne hevde seg med ære.