20110101-250-raketter174I høve politivedtektene for Flora kommune av 1998, § 5, er det forbode å brenne av fyrverkeri, på, utover eller i umiddelbar nærleik av offentleg stad utan samtykke frå politiet.

Forbodet gjeld i heile Flora kommune.

Politistasjonssjefen og brannsjefen i Flora har bestemt at det likevel skal vere tillate å brenne av fyrverkeri utanfor sentrumsområde i tidsrommet 31.12 klokka 18.00 - 01.01 klokka 02.00

Sentrum er definert som alt som ligg innanfor følgjande begrensingslinjer:

Fra og med Fylkesbåtane adm. bygg til Idrettshallen, til Sjukehuset, til Shell og til Posthuset.

Når det gjeld rakettar, så skal desse skytast ut mot vatn, over sjø, snødekka mark eller opent lende m.v.

Brot på politivedtektene kan straffast med bøter. Jfr. straffelova §339 nr. 2.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2