Fest laurdag 27.oktober
Sett av datoen, still i finstasen og ta med deg vener og kjære på Allhuset kl 20.00.
Nytt av året er at ein køyrer ein felles avslutning for heile idrettslaget i Allhuset laurdag 27 oktober kl 20.00. Det betyr at fotballen –ski –friidrett-basket-styrke + supportarar og andre i bygda er hjarteleg velkomne på same festen. Dette vert kjekt, ta med deg din betre halvdel, vener og kjære og bli med du og!
Singel? Ingen problem, då du garantert treff likesinna.
Kleskoden kan vere dress, kjole, dressjakke med dongeribukse osv. NB. Hugs dansesko.
Det vert til dømes utdeling av vanlege og uvanlege prisar. Deretter vert det servering av tapas og dessert før levande musikk av Hopland og Schei vert spelt frå scena slik ein kan svingje seg ut i dei nattlege timane.
Påmelding til Janne Tonheim på 90173475 innan søndag 21/10.
Prisen er 250-,
Vel møtt:)