Idrettslaget held på med å planlegge turvegar både i Sørmarka og frå Knapstadbakkane til Kvalvik. Anlegget krev godkjenning av grunneigarane og til no har 23 av 29 grunneigarar signert avtalen og leiar i Idrettslaget, Lars Terje Standal, gjer rekne med at ein får dei siste på plass slik at ein får eit samanhengande stinett gjennom heile bygda.

Planene med detalj-tegningar av bruer samt budsjett er fagleg godkjente av kommunen og idrettslaget har dermed muligheten til å søke tippemidlar til anlegget. Det første delanlegget er alt påbegynt. Idrettslaget ønsker å bygge stien som går frå rasteplassen og opp mot Inste Hovlandselva og bru over elva.
Brua krev byggemelding og her har Flora Kommune sett verdensrekord i rask sakshandsaming. Sidan brua har vore behandla i forskjellige kommunale instanser tidlegare brukte kommunen sin sakshandsamar berre 259 minuttar frå mottak av mail med ønske om hurtig behandling til mailen var svara på med godkjent byggemelding.

Flora Kommune fortjener stor takk frå Idrettslaget.

Neste dag var ein av prosjektledelsen i gang med å bygge brukar på begge sider av elva. Idrettslaget kjem til å sette inn resursane frå Knastadbakkane til Kvalvik i første omgang. Her er det meste på plass og arbeidet kan begynne. I Sørmarka er Idrettslaget i god dialog med grunneigarane og der også tiltaket er godt motteke på alle vis.

Her er siste utgave av turkartet presentert. På forespørsel frå ein grunneigar er stien frå Rasteplassen mot vegen til Hovlandstøylen lagt om. Slike omleggeinger vil nok også komme framover før Idrettslaget kan presentere ei endeleg turløype rundt heile bygda.

20121014-525-kart eikefjord

Prosjektet vil kreve ein del dugnadsinnsats framover. Med den turgleden folk i Eikefjord har vist er prosjektledelsen overbevist om at menge turgåande vil stille opp og vere med på det løftet som turvegane vil gje. I første omgang vil Idrettslaget rydde og drenere vekk vatn, seinare når tippemidler er på plass vil ein gruse stiane slik at ein kan gå og jogge tørrskodd heile vegen rundt bygda.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2