20. oktober skal Koriander og Svelgen songlag for første gong stå i lag på scena. Det skjer i storhallen i Bremanger. Søndag 21. oktober kan de ta turen til Svelgen samfunnshus for å oppleve same konserten kl. 17.00. Tema for konserten er musikal og filmmusikk! Her får du høyre låtar av mellom anna Queen, Michael Jackson og ABBA. Vi skal innom musikalar som Hair, Cats, Chess, Phantom of the Opera, Jesus Christ Superstar, Fame, Les Miserables+++.
Det ryktast også at du får sjå og høyre dirigentane Brigt Samdal og Grete Berntzen i ein heftig duett!
Vi er også så heldige å ha med oss knalldyktige musikarar i Laila Beathe Førde, Dag Øyvind Rebnord og Eivind Kvamme. Dei vil levere musikk av høg klasse ispedd multimedia-opplevingar.
Vi ynskjer alle eikefjordingar velkomne til Svelgen på søndag!
Dette prosjektet hadde ikkje vore mogleg å få til uten støtte frå våre sponsorar: