Share

Når skijulepakkane er opna og maten har fått satt seg er det tid for å tenke på trim og frisk luft. Det beste tilbudet ein får er på Humlestøl der skigruppa begynner med skiløp allereie på søndag den 6. januar.
Terminlista finn du på Skigruppa sine sider.

Er du i tvil om kva som skal være under skiene arrangerer skigruppa smørekurs på Humlestølen lørdag 5. januar kl 14.00.

FJELLET

20060611-550-vikan08.jpg

Eikefjord

20080816-eikefjorddagane-079.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170517-400-toget.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com