I samband med MGP-arrangementet i Florø vart alle barneskulane i kommunen utfordra til å lage kunstverk med "musikk og glede" som tema. Eikefjord skule heiv seg på, med lærar Sisell Seljestokken som primus motor.
Torsdag kveld vart dei store kunstverka auksjonert vekk. 3.kl. sitt gjekk til Norwell for 600 kr, medan 1. og 2.kl. sitt gjekk til  fylkesjubileumsgeneral Edvin Helgheim for 1000 kr.
Eikefjord skule har bestemt seg for å gje sitt overskot til turstiprosjektet i bygda. Elevrådet skal velje kva for del av prosjektet dei skal gje pengane til.
Prosjektgruppa for turvegen, som består av Lars Fraas, Per Endestad og Odd Asle Endestad, er strålande fornøgd med at skulen vel dette prosjektet. Vi vil syte for at det viser igjen at elevane på Eikefjord skule har bidratt til turstiprosjektet same kva del av prosjektet dei vel å støtte.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2