Gardbrukarane i Steindal20130202-250-svardalBilde: Google, Svardal og Osen har fått beskjed om at dei nye dyrebilane til Nordfjord Kjøtt og Nortura ikkje kjem gjennom Svardalstunnelen i Flora. Den har nemleg for lita høgd for dyretransportbilane.

– Før leverte eg til Nordfjord Kjøt, men dei har ikkje lenger bilar som kjem gjennom tunnelholet, seier mjølkebonde Beate Steindal til Firda.

Ho skifta derfor til Nortura, som hadde bilar som kunne køyre heilt fram til garden. Men no har bøndene fått beskjed om at den siste bilen dei har som kan køyre gjennom tunnelen, snart skal skiftast ut. Då er traktortransport alternativet for dei fem aktive bruk i som må gjennom tunnelen

Skal gardbrukar Beate Steindal levere dyr til slakteriet, må ho sjølv få dei gjennom Svardalstunnelen. No blir dei nøydde til å transportere dyra gjennom tunnelen med traktor.

Slikt skaper vanskar både for gardsdrift og andre aktivitetar i bygdelaga Steindal, Svardal og Osen.

Daglege problem

Det er ikkje berre dyretransportbilane som ikkje kjem seg gjennom tunnelen.

Også Bohus-bilen kjem seg ikkje gjennom då den skulle levere møblar. Vi måtte lessast av i vegen, pakkast dei inn og hentast etter kvart.

Varer til desse bygdene blir ofte sett av i krysset der vegen til Osen tek av frå fylkesvegen mellom Eikefjord og Stavang. Dei må hentast der, stykkevis og delt, av mottakar.

Asle Magne Ellingsund har fått eit lass grus til gards, og bilen til Tenden Transport kjem så vidt gjennom tunnelen, med nokre centimeters klaring.

– Holet skaper daglege problem for oss som bur her, seier bussjåfør Svein J. Steindal, vidare til Firda. - Tunnelen er for låg for moderne lastebilar, der kapellet stikk høgre enn førarhuset, og med fleire større bilar aukar problemet.

Det blir jo slik at bilane blir større for å utnytte kapasiteten betre. Men det går ut over bygder som Steindalen, som har vegsamband som blir uframkommelege for større køyretøy, viss ikkje ein får utvida holet.

Utan svar

– Barnetalet har halde seg stabilt gjennom mange år, og vi som bur her vil gjerne bli verande. Ein smal veg er noko vi må slite med til dagen, seier Ellingsund

I Vegvesenet kjenner dei godt til problemet, men veit ikkje når dei får gjort noko med problemet. Svardalstunellen er ikkje eineståande så når det skal prioriterast kjem fleire kriterier fram. Set viktigaste er trafikktryggleik, deretter kjem fleire kriterium som trafikkmengd og løyvingar.

I fylkeskommunen viser dei til eit stort etterslep når det gjeld utbedring, utviding og sikring av tunellar. Når Svardalstunellen kan bli opprusta avheng vegløyvingane frå politikarane i åra framover.

Les meir i Firda lørdag eller Firda.no

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2