Eit vogntog med utanlands førar køyrde av RV 5 i vestre ende av Svarthumlevatnet mandag i 9 tida. Vogntoget stogga mot eit tre og det lek ut 4 - 500 liter diesel. Då hendinga skjedde var det glatt på staden. 
Føraren frå Tyskland vart ikkje skada, men fekk førarkortet kverrsett.
Brannvesenet var på plass og vurderte diselutsleppet såpass stort at dei rekvirerte gravemaskin på plass for å ta vekk ein del av den forurensa jorda. Dei la også på 250 liter bark for å trekke opp diselen. Denne vil bli fjerna og ny bark lagt på. Det blir også fortløpande vurdert om ein skal legge ut lenser.
Les meir i Firda

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2