Ei av dei viktige sa20130307-250-20041017 2769kene blir utviding av den 52 meter lange tømmerkaia på Stegane når Flora Skogeigarlag har sitt årsmøte  i Allhuset 11. mars.

Det ligg eit undervasskjær ved vestre hjørne av kaia som medfører problem for store båttar å legge til kai dersom dei ikkje er tomme ved ankomst. Kaia fungerar difor ikkje som ei siste opplastingskai for tømmer slik den er no.

Skogeigarlaget har tre alternativ for å løyse problemet. Det første er å sprenge vekk undervasskjæret og mudre ut slik at ein kjem til kai på fjære sjø. Dette vil truleg ha ein kostnad på vel 500.000 kroner. Eit andre alternativ er å bygge kaifronten fram ein meter, og utvide med sju meter i vestkant. Eit førebels kostnadsoverslag er på 2,2 millionar kroner. Men ifølgje skogeigarlaget er den mest optimale og framtidsretta løysinga å bygge fram kaifronten og samstundes forlenge den til 100 meter. Ein vil då kunne laste full båt med vel 5000 m3 tømmer utan forseinkande framkøyring frå lager.

Kaia er i dag nytta av blant anna Sogn og Fjordane Skogeigarlag SA for utskiping av tømmer frå kommunane Flora, Naustdal, Førde og deler av kommunane Jølster, Gloppen og Bremanger. Etter at Sunnfiord Sag ikkje lenger er i drift, går også det meste av skurtømmeret over kai i tillegg til alt sliptømmeret.

I 2012 gjekk det i alt 6315 m3 tømmer over kaia, i tillegg til ein del båtlaster med grus og kalk m.m. Ifølgje fylkesmannen er det rekna med at vel 70.000 m3 tømmer soknar til Eikefjord tømmerkai om 15 år.

Kilde: Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2