Statnett har byrja bygge masteføter til 420 kV-linja både i Bremanger og i Naustdal. Men ikkje i Eikefjord. Der står nemleg grunneigarane framleis på barrikadane for å forsvare heimane sine.
Men det kan sjå ut som om fylket og kommunen allereie har gitt opp. Og når sjølv Sivilombodsmannen ikkje kunne endre vedtaket om å bygge 420 kV-linja, står bygdene inst i kommunen rådvill tilbake. Kor vegen vidare går, veit dei ikkje. Førebels har det ikkje vore diskutert å gjere som grunneigarane i Bremanger og samle seg for å gå til sak mot staten.