Mandag og tirsdag før påske blei det fortatt grunnboring nedanfor skulen. Det blei tatt opp prøver på marka ved sida av småskulen, på fotballbana og helt opp til skulebygget.
Onsdag var prosjektleiar for skulen Jegathesan Jeikishan på plass for å sjå på plassen der det var tatt prøveboring. Han var lite villig til å fortelje i detalj kva han undersøkte, men tok mange bilde av plassen.
Søndag ettermiddag var eikefjord.net i kontakt med Trygve Ullaland som fortok boringane. Han er innkalla til møte med kommunen i morgon for å gå gjennom resultata av boringane. Djupna var mykje større enn ein trudde på forhand, men det store problemet er massen under det øverste jordlaget. Mykje av massen under består utelukkande av kvikkleire. Så lenge massen får ligge i ro er det som oftast ikkje problem, men når ein begynner å grave i slik masse veit ein aldri kva som vil skje. I verste fall kan heile grunnen bli ustabil og rase direkte ut i fjorden.
På møte i morgon skal dei først ha synfaring ved skulen kl 10. Deretter skal dei ha møte på teknisk etat i Florø. Her vil Trygve Ullaland råde kommunen til ikkje å bygge på denne grunnen. Å byte ut all masse vil nesten vere umulig med den djupne som det er snakk om her og fylle på kvikkleire vil vere eit sjansespel.
Trine Hovland bekrefter at det skal vere møte angåande skulen. Ho ber at dersom det er nokon som har erfaring med fylling i sentrum må dei ta kontakt på tlf 95053098 idag eller møte opp på skulen kl 10 tirsdag så kommunen kan få lokal erfaring med i vurderingane.
DERSOM DU TRUDDE PÅ DENNE VART DU LURT - APRILSNARR