Statens vegvesen har funne midlar i årets vedlikehaldsbudsjett for fylkesvegane. Dermed skal Svardalstunnelen gå frå ei høgde på 3,7 meter til 4,5 meter.
Dette er veldig gledeleg for oss. Det er eit herk i kvardagen å ikkje komme gjennom med godset du bestiller. Så dette set vi stor pris på, seier Asle Magne Ellingsund frå Svardalen til NRK.no.
Saman med fleire av dei som har vore ramma av problemet har han jobba med å få Statens vegvesen til å gjere tunnelen høgare. Ifølgje Statens vegvesen er målet at arbeidet skal setjast i gang over sommaren og då vil det berre ta to-tre veker før tunnelen har fått full høgde.
– Vi vart vel eigentleg positivt overraska over at det gjekk så fort, seier Ellingsund.