I løpet av helga har nokon teke seg inn i Eikefjord skule. Der har det blitt knust speglar, og mange område er grisa ned med Jif skurepulver.
- Dette er slett ikkje ok, og det skapar eg ekkel kjensle om dagen. Eg kan ikkje forstå at nokon ved skulen vår kan stå bak noko slikt. Det er for meg ufatteleg, seier rektor Heidi Humlestøl Aasen til Firdaposten.